Om Kristkongane på Moster

Om Kristkongane på Moster | HandlingaRolleneHistorikk | Forfattaren | Komponisten | Deltakarliste

Årets rolleliste

Spelet "Kristkongane på Moster" skildrar ei dramatisk brytningstid i Noregssoga - møtet mellom gamal og ny tru. Spelet vert framført i Moster Amfi på Bømlo, og spenner over eit tidsrom på tretti år - frå 995, då Olav Trygvason kjem heim for å krevja kongsarven sin, og for å kristna landet, til 1024, då Olav Haraldson får Kristretten vedteken på Mostratinget.


Moster kom i denne tida til å stå i sentrum for viktige historiske hendingar. Me vert dregne 1000 år attende i tida og får vera vitne til korleis desse omveltningane i samfunnet også set sine spor i einskildmenneska.

"Kristkongane på Moster" er blitt til gjennom eit samarbeid mellom fleire hundre medverkande - amatørar og profesjonelle. Bømloteateret har ansvaret for produksjonen saman med Bømlo kommune.

Lista over hovudrollane i "Kristkongane på Moster" tel om lag 15 personar. Det er både profesjonelle og amatørar som spelar desse rollane. På rollelista står i tillegg tingmenn og bønder, hird, prestar, munkar og diakonar, kvinner, barn og unge. Alle desse rollane vert spela av amatørar, der dei fleste kjem frå Bømlo, men mellom desse skodespelarane finn ein óg folk frå andre Sunnhordlandskommunar.
 
   
     
   
Magnus Hope Bømlo kommune Norsk teaterråd Hordaland fylkeskommune Bremnes Seashore Wärtsila Finnås Kraftlag Eidesvik Olavsrosa