MOSTRASPELARAR 2010 - VEL BLÅST!!
 Takk for stor og god innsats ved gjennomføringa av årets spel - det 27. i rekka! Nok ein gong har me gjennomført eit kvalitetsmessig vellukka Mostraspel. Det gjekk "på skjener" i alle ledd med eit veltrimma og entusiastisk mannskap i eit Moster Amfi som blir betre og finare for kvart år!
Etter vårt skjønn er me komne godt i veg med prosessen "Mostraspelet for nye generasjonar". I år var det ein fin blanding av unge og eldre aktørar, nett slik det må ha vore på tingvollen for rundt tusen år sidan. I dei fleste sentrale posisjonar har me no nye folk som viser at dei er modne for oppgåvene og som tilfører spelet nye nyansar.
I år hadde me også ein velbalansert blanding av amatørar og profesjonelle - nye, unge, flinke folk frå eigne rekker saman med framståande profesjonelle utøvarar. Betre enn mange gongar før fekk amatørane høve til å læra av dei profesjonelle - korleis dei tek tak i rollane sine, tolkar og utviklar dei vidare. Det er sjølsagt heilt i tråd med korleis me ønskjer at kvalitetsutvikling skal føregå!
Også dette året hadde me eit klårt inntrykk av at dei profesjonelle likte opphaldet på Bømlo og trivdest i vårt selskap. Me seier takk til dei og ønskjer dei velkomne att om eit års tid!
Me takkar med dette også alle dei som har vore med og teke eit tak i samband med årets spel - både i "Kristkongane på Moster" og i alle dei tilhøyrande arrangementa! Vonar det gav meirsmak!
Produksjonsleiinga er alt i gong med evaluering av årets spel og førebuing av Mostraspelet 2011!

Ha ein strålande sommar!

Kjell Olav Skaret                    Johan Kr. Nesse
   


Nyttig informasjon:             


 
   
     
   
Magnus Hope Bømlo kommune Norsk teaterråd Hordaland fylkeskommune Bremnes Seashore Wärtsila Finnås Kraftlag Eidesvik Olavsrosa