Skuleframsyningar ”Kristkongane på Moster”, fredag 4. juni 2010
Den Kulturelle Skulesekken: Levande møte med historiske personar og hendingar i Moster Amfi.
Det føregår i månadskiftet mai/juni kvart år. Tusen barn og unge frå fjern og nær sit i Moster Amfi på Bømlo i Hordaland og ventar på ei oppleving dei skal koma til å hugsa resten av livet. Det er rett før skuleforestillinga av ”Kristkongane på Moster” startar opp. Historia skal bli levandegjort framfor augo på det talrike publikum. Arenaen er unik, og skodespelarar og musikarar, profesjonelle og amatørar, er klare til å ta publikum med på ei reise tusen år attende til dramatiske hendingar som vil gje dei læring dei ikkje kan få betre på nokon annan måte. Eit par timar seinare sit dei same tusen elevane og lurer på kvar tida vart av. Dei har vore vitne til hendingar og møtt personar dei tidlegare berre har høyrt om. Samstundes har dei fått eit levande møte med eiga historie, kunst og kultur.
Den kulturelle skulesekken skal gi barn og unge i grunnskulen kunst og kulturopplevingar av høg kvalitet. ”Kristkongane på Moster” er eit slikt kvalitetsprodukt, verkeleg noko å ha i sekken!
Framsyningar
Det vert to framsyningar den 4. juni, kl. 10.30 og 14.00.
Billettar kan tingast hos Bømloteateret på tlf. 53 42 07 90 eller på e-post adressa bomloteateret@c2i.net. Der kan ein òg tinga undervisningsopplegget.
Prisar
Elevar: Kr 150.- Vaksne: Kr 300.- Lærar / føresett – 2 stk. pr. klasse - får fribill.
Undervisningsopplegg / Teikneseriehefte à kr 60.-
Moster Amfi
Skulane kan tinga omvising i Gamle Moster Kyrkje og i utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”. Info og billettar på tlf. 53 42 66 20 eller post@mosteramfi.no.
|